NLA Hordaland: Befaring på Høgskulen sitt nye bygg på Kronstad
28. aug kl 08.00 - 28. aug kl 10.00
Befaring på Høgskulen sitt nye bygg på Kronstad
Tid og stad: Onsdag 28. august
OBS andre lokalar Brann stadion, inngang 9 (Sparebank Vest-tribunen)
Kl. 08.00-10.00. Programmet startar kl. 8.15
Møtet er gratis og ope for alle. Men krev påmelding. Det er plass til 50 personar.
Det er difor og bra om dei som melder seg på og ikkje kan kome, melder seg av slik at nokon annan kan få plassen.
Påmelding: innan måndag 26. august kl. 12.00
Program:
Velkommen
Om Høgskulen i Bergen sine nye bygg på Kronstad og energianlegget.
Befaring på området
Hausten 2014 flyttar Høgskulen i Bergen inn i nytt bygg på Kronstad. No er det muligheit å få ein forsmak på nybygget og sjå energiløysingane.
Det er jobba med integrert energidesign og tverrfaglig prosjektering med spesiell vekt på lavt netto energibehov og verknad av det lokale klimaet på bygget i form av vind, nedbør, sol og luftforureining, samt miljøbevisst materialbruk. Det har og vore fokus på å kople gamal og ny arkitektur og på at dei ulike fagmiljøa skal koplast saman til ein ny heilheit.
Bygget vil få energiklasse B og har 80 energibrønnar.
