Fjellstuetrappene strekker seg med sine 418 trinn frå byparken opp til Fjellstua på Aksla. Trappeløpet vart etablert på 1880-talet, og ligg nennsomt tilpassa i landskapet. Opplevingane langs trappeløpet er varierte og spektakulære. I rehabiliteringa har det vore viktig å ivareta og forsterke den vakre forma på trappeløpet, samt ta vare på kvalitetane som allereie eksisterar.
For å understreke forma på trappeløpet er det valt ein lys betong som også gir ein fin kontrast mot fjellknausane. Gamle natursteinstrinn er ivaretatt. Ny lyssetting er integrert i dei gamle smijernsrekkverka og gir ei dus lyssetting av trappa. Byrampen er det einaste nye elementet i trappeløpet. Rampen kragar ut og understrekar det mest spektakulære punktet i trappa. Benkane er nye, og designa slik at dei kan tilpassast staden dei står på.