Du er her: Forsiden Prosjekter «Into the Landscape» - internasjonal workshop ved Seljordsvatnet

«Into the Landscape» - internasjonal workshop ved Seljordsvatnet


32 studentar frå NABA, Politecnico di Milano og 6 studentar frå Scenekunstakademiet i Fredrikstad deltok. Dette var ein prosess der plassering, utforming og bygging var ein del av oppleving og læring.
Prosjektfakta
Landskapsarkitekt: Feste Grenland AS
Kategori: Friluftsområder, turvei, vannkant
Beliggenhet: Seljordsvatnet
Oppdragsgiver/Byggherre: Seljord kommune
Byggeår/Ferdigstilt: 2009
Prosjektperiode: 25.09-04.10 2009
Areal/Størrelse: 3 utkikkspunkt, samla areal ca 100 m2
Kostnad inkl mva: 800.000 kr.
Prosjektansvarlig: Springer Kulturstudio og Feste landskapsarkitektar
Ansvarlig landskapsarkitekt: Feste landskapsarkitektar v/Tone Telnes MNLA
Arkitekt: Sami Rintala og Dagur Eggertson
Samarbeidspartnere: Seljord Kunstforening, grunneigarar, lokale snekkerkyndige seljordingar
Finansieringskilde/sponsor: KRD
Annet: Studentar frå NABA, Milano og Scenekunstakademiet i Fredrikstad

Oppgåva var å bygge tre arkitektoniske installasjonar på utvalde punkt ved Seljordsvatnet. Installasjonane skal ha tre hovudfunksjonar: stoppestadar for turistar og vegfarande, sosiale møtestader og turmål for bygdefolk, og utkikkspunkt for dei som ser etter sjøormen! Grindekleiv utkikkspunkt (foto 1 og 3) - seks sitteboksar dannar ein ring. Ute på berget ser ein heile Seljordsvatnet. Vebekkdalen røyksauna (foto 2 og 6) ligg innimellom furutrea i ei lita bukt. Her kan ein oppleve landskapet og ta røyksauna med utsikt over vatnet. Telnesøyan fiskeplass (foto 4 og 5) ligg omgitt av vatn på tre kantar. Ein liten sitteplass er laga i ly for regnet og du kan grille fisken din på eldstaden.

Foto:Arianna Forcella (Bildet er beskyttet av opphavsrett)

Norske landskapsarkitekters forening

Josefines gate 34
0351 Oslo
tlf: +47 23 33 24 60
epost: post@landskapsarkitektur.no
Alle rettigheter © Norske landskapsarkitekters forening. Gjengivelse av innhold kan kun skje når kilde oppgis.
Design: Bjørn Amund Enebo | CMS: Webscape