Du er her: Forsiden Prosjekter Landskapsanalyse - Fjell kommune

Landskapsanalyse - Fjell kommune


Fjell kommune har over lang tid erfart stort arealpress med påfølgjande arealbrukskonfliktar. Landskapsanalyse er eit strategisk verkemiddel for å synleggjere lokalt særpreg og verdiar, utviklingspotensial og avdekke potensielle areal og landskapskonfliktar.
Prosjektfakta
Landskapsarkitekt: Aurland Naturverkstad AS
Kategori: Arealplaner, regulering, konsekvensutredninger, stedsanalyser
Oppdragsgiver/Byggherre: Fjell kommune
Byggeår/Ferdigstilt: 2014
Prosjektperiode: 2013
Areal/Størrelse: 148 km2
Prosjektansvarlig: Christoffer Knagenhjelm
Ansvarlig landskapsarkitekt: Morten Clemetsen MNLA
Arkitekt: Arkitekt: Gøran Johansen MNAL

Ein slik analyse er og eit godt verkemiddel til kommunikasjon og medverknad i ein planprosess, og vil kunne bidra til kunnskapsbaserte vurderingar og diskusjonar i planprosessen.

Analysen er del av grunnlagsarbeidet for ny kommuneplan for Fjell kommune, planlagt godkjent i 2014. I tråd med rettleiaren: Metode for landskapsanalyse i kommuneplan (DN/RA 2011) er områdeinndelingsprinsippa her brukt i vurderingar av aktuelle område. I tillegg til dette er tre sentrale problemstillingar, formulert av Fjell kommune, styrande for arbeidet: Kva kvalitetar skal bustad- og nærmiljøet i Fjell ha? Kan eit mangfald av attraktive arbeidsplassar få fleire til å bu og jobba i Fjell? Og; korleis kan eldre og nyare kystkultur styrke stadidentitet for ein raskt veksande befolkning, og nyttast i vidareutvikling av eit mangfaldig og berekraftig Fjellsamfunn?

Foto:Morten Clemetsen og Christoffer Knagenhjelm (Bildet er beskyttet av opphavsrett)

Norske landskapsarkitekters forening

Josefines gate 34
0351 Oslo
tlf: +47 23 33 24 60
epost: post@landskapsarkitektur.no
Alle rettigheter © Norske landskapsarkitekters forening. Gjengivelse av innhold kan kun skje når kilde oppgis.
Design: Bjørn Amund Enebo | CMS: Webscape