Ein slik analyse er og eit godt verkemiddel til kommunikasjon og medverknad i ein planprosess, og vil kunne bidra til kunnskapsbaserte vurderingar og diskusjonar i planprosessen.
Analysen er del av grunnlagsarbeidet for ny kommuneplan for Fjell kommune, planlagt godkjent i 2014. I tråd med rettleiaren: Metode for landskapsanalyse i kommuneplan (DN/RA 2011) er områdeinndelingsprinsippa her brukt i vurderingar av aktuelle område. I tillegg til dette er tre sentrale problemstillingar, formulert av Fjell kommune, styrande for arbeidet: Kva kvalitetar skal bustad- og nærmiljøet i Fjell ha? Kan eit mangfald av attraktive arbeidsplassar få fleire til å bu og jobba i Fjell? Og; korleis kan eldre og nyare kystkultur styrke stadidentitet for ein raskt veksande befolkning, og nyttast i vidareutvikling av eit mangfaldig og berekraftig Fjellsamfunn?