Prosjektet er gjennomført som totalentreprise og omfattar adkomstareal for dei tre kontorbygga, gateløp, fortau, park og plassar. Parken ligg ved innkøyringa til området – med grøne terrengformer og varierte plantingar, med tregrupper, buskfelt, hekkar og staudefelt. Romdannande murskiver skjermer for nordavinden og skjuler nedkøyringa til parkeringskjellaren. Parken har leikefunksjonar i form av ein stor tallerkenkarusell og balansestolpar. På eit mindre plassdekke med innfelte område for sommarblomster, står skulpturen «Hundevakta» til minne om krigsseglarane. Uteservering for ein kiosk grensar også inn mot parken.
Sentralplassen strekker seg på tvers av kaia i nord–sør retning, og frå gavl til gavl på nye og bevarte bygg. I nord har plassen eit større amfi med ei universelt utforma rampe integrert. Frå utkikksområdet på toppen kan ein sjå nordover mot øyane utanfor byen, og sørover mot Brosundet. Sørlegaste del av sentralplassen har eit større tredekke som er utforma rundt det eksisterande bybrannmonumentet «Ignis» som består av fire søyler med fotografi frå tida etter bybrannen i 1904. Plassen har også store staudebed, tregrupper og tre boga skjermveggar som gir ly mot vinden og danner rom for sitteplassar. Skjermveggane er utforma i doble cortén stålplater, og er belyste frå innsida. Det laserskorne mønsteret er inspirert av organiske former i jugendstilkunst og bølger/hav. Heilt mot sør er ein brei plassbygd benk med utsyn til sjø og hamna.
Ålesund kommune har tildelt Byplansjef Olav Høydals minnepris (Byggeskikkprisen) for 2016 til Skansekaia. I grunngivinga for tildelinga vert utforming av bygningsvoluma og uteområda trekt fram: «Prosjektet bidrar gjennom sin bevisste satsing og vektlegging på offentlige plassdannelser, parkområder og kaipromenade til å revitalisere Brosundets nordlige utløpsområde for allmenheten».