Du er her: Forsiden Prosjekter Telemarkskanalen - analyser av kanallandskapet

Telmarkskanalen - analyser i kanallandskapet


Telemarkskanalen er ein viktig, veletablert og tradisjonsrik attraksjon i regionen. Men i konkurransen med andre reisemål slit ein med å få opp besøket. Både dei som bur i området, turistar og reiselivsoperatørar treng å få fornya kunnskap om kva kanalen og kanallandskapet har å by på av opplevingar og forteljingar.
Prosjektfakta
Landskapsarkitekt: Feste Grenland AS
Kategori: Arealplaner, regulering, konsekvensutredninger, stedsanalyser
Beliggenhet: Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden og Skien, Telemark
Oppdragsgiver/Byggherre: Telemarkskanalen regionalpark v/Pål Kleffelgård
Prosjektperiode: Forstudie 2014
Areal/Størrelse: Utvalde område i dei seks kommunane langs Telemarkskanalen
Prosjektansvarlig: Gunn Marit Christenson
Ansvarlig landskapsarkitekt: Tone Telnes MNLA
Samarbeidspartnere: Telemarkskanalen regionalpark, kommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden, Skien, samt utvalde lokale næringsaktørar.

Telemarkskanalen regionalpark arbeider med korleis kanalen kan bli betre synleg på ein måte som fører til at folk stoppar opp og på ny tek i bruk kanalen som den attraksjonen han er.

Den europeiske landskapskonvensjonen ligg til grunn for arbeidet. Han peikar på at landskapet spelar ei viktig rolle av allmenn interesse på det kulturelle, økologiske, miljømessige og sosiale planet. Landskapskonvensjonen legg særleg vekt på opplevinga folk har av ein stad eller eit landskap, – ikkje bare fysiske og visuelle omgjevnadar.

Vi har arbeidd med landskapsanalyser og konseptskisser for utvalde attraksjonspunkt i kvar av dei seks kanalkommunane. Illustrasjonane vist her er frå Dalen i Tokke kommune.

 

Foto:David Fjågesund (Bildet er beskyttet av opphavsrett)

Norske landskapsarkitekters forening

Josefines gate 34
0351 Oslo
tlf: +47 23 33 24 60
epost: post@landskapsarkitektur.no
Alle rettigheter © Norske landskapsarkitekters forening. Gjengivelse av innhold kan kun skje når kilde oppgis.
Design: Bjørn Amund Enebo | CMS: Webscape