Du er her: Forsiden Prosjekter Verdiformidling - Rendalstunet

Verdiformidling - Rendalstunet


Innspel frå barna om kva dei ynskjer på tunet. Plassering av viktige verdiar. For lokalbefolkning og besøkjande, heile året.
Prosjektfakta
Landskapsarkitekt: Aurland Naturverkstad AS
Kategori: Arealplaner, regulering, konsekvensutredninger, stedsanalyser
Beliggenhet: Rendalen, Hedmark
Oppdragsgiver/Byggherre: Rendalen kommune
Byggeår/Ferdigstilt: 2014
Prosjektansvarlig: Kristian Bjørnstad
Ansvarlig landskapsarkitekt: Snædís Laufey Bjarnadóttir MNLA
Arkitekt: Gøran Johansen MNAL
Samarbeidspartnere: Rendalen kommune og innbyggjarar

Rendalen er ein av dei største kommunane i landet. Rendalen har vore møteplass for ulike kulturar i fleire hundre år, vist mellom anna ved funn av ein sørsamisk runebommehammer datert til 1160-1260. Saman med eldsjeler har kommunen sett i gang ein prosess for å utvikle og ta vare på natur- og kulturarven i området, særpreg og eigenart. Nye skilt i heile Rendalen markerar den visuelle identiteten til kommunen.

Grunnlaget for Rendalstunet vart danna på bakgrunn av innspel frå lokale lag og organisasjonar, engasjerte og aktive vaksne og ungar. Ressursane på staden vart registert. Med ulike formidlingstema og nokre få fysiske tiltak har ein høve til å skapa Rendalstunet, ein stad som kan formidla verdiane i Rendalen.

I forstudiet har fokus vore på Rendalen bygdemuseum og potensialet til å kunne verte eit knytepunkt for verdiformidling. Bygningane og uteområdet utgjer arenaen som skal formidle den lokale kulturhistoria, og gje besøkande gode opplevingar. Dette skal vidare resultere i auka verdiar for kommunen, innbyggjarane og reiselivsnæringa, i form av godt omdøme, auka konkurransekraft og attraktivitet for Rendalen.

 

Foto:Aurland Naturverkstad AS (Bildet er beskyttet av opphavsrett)

Norske landskapsarkitekters forening

Josefines gate 34
0351 Oslo
tlf: +47 23 33 24 60
epost: post@landskapsarkitektur.no
Alle rettigheter © Norske landskapsarkitekters forening. Gjengivelse av innhold kan kun skje når kilde oppgis.
Design: Bjørn Amund Enebo | CMS: Webscape