Statnett SF kunngjorde 10. juni i år at NVE gir dei konsesjon til å bygge 420-kV kraftlinje frå Sogndal til Ørskog. [....] Både denne linja, ei tilsvarande linje i Hardanger og andre linjer har vore heftig debattert dei siste åra. Samstundes har Statens vegvesen fått mykje god merksemd rundt nasjonal turistveg, også internasjonalt.
[......]
Løysinga til NVE er å støtte forslaget frå Statnett SF om å kamuflere linjene. Men den løysinga finn vi jo også andre stadar. Finnast det andre tilnærmingar som synleggjer denne konflikta på ein slik måte at det blir både framifrå arkitektur og landskapsarkitektur? Eller krev dette møtet utelukkande at linja ikkje kan følge denne traséen? Kvar møter elles tre nasjonle interesser med så dramatisk ulike forteikn kvarandre? Og korleis kan dette løysast, sett i lys av påstanden om at ein ny og frisk nasjonalromantikk har vakna til live gjennom nasjonal turistveg?
Alle desse spørsmåla hadde det vore spennande å søke svar på. Difor inviterer eg til å delta i eit stunt under tittelen "highvolage architechture" i Viksdalen (nær Førde i Sunnfjord) torsdag
6. august. Har du ikkje låst ferieplanane dine, treng eit underfundig alternativ å fortelle om når du kjem attende på jobb og finn dette interessant, meld tilbake til
bmf@sjufiredel.no innan
30. juli. Treng du overnatting eller hjelp til transport, hjelper eg med det, men då er det fint om du melder interessa di tidlegare.
Styret i NLA har gitt meg i oppdrag å finne ut meir om denne konflikta. Innspel frå samlinga vil bli samla og dokumentert. NLA sitt styre vil så behandle denne og sende det til NVE og Statens vegvesen som ledd i NVE si klagebehandling.
Bård Magnus Fauske, landskapsarkitekt MNLA og visepresident NLALes hele artikkelen på Arkitektnytt.no.