Oslo City, Stenersgata 1
Stenersgata 1, midt i Oslo sentrum, har fått grønne vegger og tak. Bygningskomplekset er fra slutten av 1980-tallet, og består av kjøpesenteret Oslo C ..
I søndagens utgave av Dagbladet kunne man lese Andreas Homplands kommentar om stedsutvikling. Les innlegget her i dag!
Det er møte som finn stader, ikkje omvendt. Når kommunikasjon og handel finn nye former, visnar historiske møteplassar.
Årets kulturminnedagar hadde «møteplasser» som tema. (Elles gir stikkordet «møteplass» eller «moteplass» flest treff på nettdating).
I by og bygd var det samlingar med fortellingar på historiske stader. Folkemuseet slo til med ei hylling av kaffipausen. Riksantikvaren stilte spørsmålet om kulturminne kan vera viktige møtestader i samtida, eller om det er slik at dagens møteplassar må fredast som framtidas kulturminne.
Gode møteplassar er eit sentralt politisk mål for stedsutvikling og lykkelige menneske. Miljøverndepartementet har laga planprinsipp for den slags i byar og tettstader. Mens Kommunaldepartementet er mest opptatt av «stedstap» og kjærar for kvar folk skal møtast i landsens bygdebyar, nå som landhandlane og postkontora er nedlagde, mjølkerampene er borte, toga ikkje stoppar lenger og bryggene ligg aude etter at trafikken flytta på land bygd og bil er to sider av same sak.
At menneske møtest er nødvendig for oss som sosiale dyr. Dei uplanlagde møta kan vera like viktige som dei planlagde for sosial læring og danning gjennom nærhet og friksjon. Over nettet kan vi kommunisera vel så effektivt som når vi sløser bort tid på omgåande bevegelsar og sosiale former i fysiske møte, men noen kvalitetar blir borte når vi møtest gjennom Facebook og ikkje face-to-face. Derfor er det viktig å ta vare på dei gamle og utvikle nye fysiske møteplassar. Men då må vi forstå kva det er som held dei oppe, og kva som gjer at dei forvitrar og blir borte. Møteplassar er lette å bryta ned, men vanskelige å planlegga og bygga opp. Møtestader kan ikkje vedtas; dei må vederfarast.
Møte finn stad, altså: møter skaper steder. Møtestader oppstår gjennom møte - ikkje omvendt. Folk møtest sjeldan bare for å møtast og sosialisera, men fordi vi har eit eller anna ærend der. Det kan sjølsagt vera ei viss spenning om at det skal skje noe uventa; det kan vera rein nyfikne, eller for å seia det meir passande: utveksling av informasjon. Eller for å promenera eller slenga forbi for å visa seg fram og bli sett. Det er ein ikkje uviktig sideeffekt av møteplassar som sosial scene, og det kan kreva ganske høg kodekompetanse å gjera det på den rette måten.
Men som oftast er møte på møteplassar kopla til noe anna. Det kan vera rituelle og kultiske handlingar - alt frå fotballkampar til offisielle markeringar og religiøse seremoniar. Men vel så ofte er møteplassen kopla til materielle og kommunikative behov, til kommers og trafikk. Derfor har vegkryss og gatehjørne, kaier og jernbanestasjonar vore så viktige møteplassar. Og torg, marknadsplassar og mjølkeramper.
Vi møtest sjeldan bare for å møtast. Vi møtest for å gjera noe saman; for å utretta det same på same stad; for å gjera forskjellige ting på same stad; eller fordi våre vegar til og frå arbeid og andre aktivitetar kryssar kvarandre ein stad. Slik oppstår møte, og der møte oppstår igjen og igjen, oppstår ein møtestad. I neste omgang gir møtestaden opphav til nye møte. Slik sett er gode møteplassar sjølgrodde. Ein veit at det er stor sannsynlighet for at det er noen å treffa der bare ved å møta opp - utan tillyste begivenheter eller konkret avtale. Som det heiter innforstått i Kristiansands uoffisielle bysang: «Vi mødes på Markens i kveld».
Møtestaden i seg sjøl er ikkje det sentrale, men det møtet fører med seg. Og det blir ikkje ein møteplass bare fordi det er mange folk der. Det er når vi inngir oss med den vi møter, at møtestaden blir ein arena for samhandling. Eller om ein bare saktar på farten, helsar og vekslar noen ord i forbifarten: Slik stadfesting av lause band skal ein ikkje undervurdera. Heller ikkje at møteplassane har avgrensa hjørne og krokar ein kan stikka seg bort i. For den totale transparensen kan vera både sjenerande og trugande.
Tetthet gir friksjon. Særlig når ulike aldrar, etniske grupper og aktivitetar møtest og vil utfalda seg på same stad. Ein levande møtestad vil alltid ha møte med ulike forteikn. Den konfronterer oss og gjer oss synlige og virkelige for kvarandre. Vi kan ikkje lata som dei andre ikkje finnest. Alternativet er at folk av ulike slag ikkje omgås og ikkje angår kvarandre, men at det blir gettofiserte møteplassar for ulike subgrupper.
«Når mennesker møter mennesker skapes sosiale møteplasser. Latter, glede og samhold mellom mennesker bidrar til bedre livskvalitet i Akershus», hevdar Akershus Røde Kors. Det er å håpa, men det kan også oppstå sure tonar, uvennlighet, fiendskap og hat. Men møta er uansett ei øving i å omgås, å forhalda seg til dei andre. Sivilisasjon og demokrati er som kjent ikkje bare harmoni og enighet, men også eit uenighetsfellesskap som ein må leva saman i. Og det skjer like gjerne på stygge og rufsete stader som på veldreia og vel planlagde møtestader.
Misforstå meg rett: Eg har ikkje noe mot lekre og spektakulære møtestader. Men visuelt vakre og tilrettelagde omgivelsar og parkaktig landskapsarkitektur er ikkje eit tilstrekkelig vilkår for gode møteplassar. Det er knapt nok eingong eit nødvendig vilkår for sosialt liv mellom husa. I nennsomt utforma omgivelsar er folk ofte dekorative påstandar. Folk av kjøtt og blod møtest andre stader enn på teiknebrettet. Dei går sine eigne og uransakelige vegar. Dei kan møtast der som ingen kunne tru at nokon kunne møtast. Derfor må ein ikkje gå på tvers om ein vil skapa gode møtestader, men søka oppgåtte spor: Legga gangvegane der folk går, setta ut benkar der folk står, og utbetra plassar og bygningar drar folk til seg.
Den estetiserande tilnærminga til våre daglige liv og til stedsutvikling må ikkje forfalla til å tru at arkitektoniske og designmessige knep og grep er ein slags uavhengig variabel for sosial atferd. Det estetiske perspektivet må supplerast med blikk for det gjensidige i forholdet mellom menneske, opplevelsar, kommunikasjon og dei ærenda vi har i omgivelsane. Elles kan det enda med vakre møteplassar utan folk, og det er mislykka og triste greier.
Europarådets plass nede ved Oslo sentralstasjon er eit skrekkens eksempel. Den er trist og død, sjøl om den er opprusta i regi av ein allianse mellom stat, kommune og privat næringsliv som kallar seg «Levende Oslo». Dei få med sig i knea som av og til søker dit, skræmer andre vekk, til dei sjøl blir jaga av Securitas. Og det blir upassande element stadig oftare når åpne, offentlige rom som er eit felles gode for allmennheta, blir privatisert og lukka inne under tak.
Ein kan mislika denne utviklinga og sjå det som eit offentlig forfallsteikn. Men møteplassar kan ikkje frikoplast frå det foranderlige i handel og kommunikasjon, arbeidsliv, forbruksliv og kvardagsliv. Når livets omstendigheter fører folk ut frå staden, kan ikkje meir tiltalande utforma omgivelsar dra dei inn att til planlagde møteplassar.
Ein kan ikkje bøta på skrantande bruk av historiske møteplassar med gode fortellingar, moralsk og estetisk opprustning. Ikkje bare med det, i alle fall. Når planlagde og tilfeldige møte finn nye vegar og kanalar og stader, må dei gamle møteplassane finna nytt innhald. Elles visnar dei til bare kulturminne som kan forvaltast av foreningen til fortidsminnesmerkens bevarelse.
Kilde: Dagbladet