Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling, UTLØPT

HVL har ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvaltning ved Fakultet for Ingeniør- og naturvitskap, frist 1. mai 2021.

Foto: Pål Hoff HVL Campus Sogndal_Pål Hoff

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvaltning med tilsetting frå hausten 2021. Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap, og har arbeidsstad campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde

Den som blir tilsett i stillinga skal undervise og rettleie på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og masterprogrammet i Climate Change Management. Noko undervisning er felles med bachelorprogramma i Fornybar energi og Geologi og geofare.

Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet på mange felt. Det er ønskje om at den som blir tilsett deltek i utviklings- og forskingsarbeidet ved instituttet. Forsking og utdanning femner mellom anna om tema som; planlegging for berekraftig utvikling, arealbruk og landskapsøkologi, klimatilpassing i arealplanlegging, konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar.

Kvalifikasjonar

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger   

  • Formell utdanning og kompetanse
    Vi søkjer ein person med kompetanse innan planlegging eller forvaltning av landskap og naturressursar. Den som blir tilsett må:
  • - ha god kjennskap til det norske plan- og forvaltningssystemet
  • - kunne framvise kunnskap frå skjeringspunktet mellom arealplanlegging og minst eitt av følgjande fagfelt:  økologi, berekraftig utvikling eller klimaomstilling
  • - ha god munnleg og skriftleg famstillingsevne på norsk og engelsk

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Ønska kvalifikasjonar
- erfaring som planleggar
- undervisningserfaring frå universitet eller høgskule
- erfaring og kompetanse i overvasshandtering og bruk av digitale verktøy som Geografisk informasjonssystem (GIS)
forskingserfaring

Personlege eigenskapar
- samarbeidsevne
- fleksibilitet
- evne til å ta initiativ
- engasjement

Om søknaden

Søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lag inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. 

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Mer info og lenke til søknadskjema på jobbnorge.no
Direkte til søknadsskjema 

Vi tilbyr

- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse. Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor
-Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet
Instituttleiar Tarald Seldal, tlf. 57 67 62 40 e-post: tarald.seldal@hvl.no

032902df-11a0-44d9-b270-73d965b73663

HiSF-Skulptur-7-2-Large-824x550
Fotograf: Pål Hoff