La vere. Ein samtale med naturen. To rasteplassar på Hardangervidda.
Fordjupa i villmarka på Hardangervidda, der geologiske prosessar og naturen sine utrettande krefter – vatn, is og vind – har forma landskapet gjennom ..
Styrets stemme - ved Runa Gjerland som reflekterer over økologiske tilstander i våtmarker, arealfloken og hvordan den har vært løst ved at man lager nytt land fra utfyllinger i vann.
Eit prosjekt skal finne sin plass i den fysiske verda. Ein nyttig veg, eit hydrogenanlegg, 130 000 nye bustadar. Arealet vi har er begrensa, og mykje av det vi har bygd i landet ligg idag langs vatnet - sjøen, fjorden, elva, havet. Det som framstår som den enklaste og mest rasjonelle løysinga kan vere å fylle ut i vatnet.
Utfylling i vatn har sidan minst 1960‑talet vore ei etablert løysing i arealutvikling. Med teknologi til å flytte store massar har det blitt sett på som gunstig å legge utbygginga ute i vatnet – ein slipp å beslaglegge matjord, ein slipp å ta av produktive skogar, eller biodiversitetsrik uberørt mark, ein kan slippe protestar frå private grunneigarar og mogleg korte ned saksgongen. Det opplevast gangbart, både politisk og planfagleg.
Frå gamalt av har dessutan våtmark, strandsoner og grunne vassområde dessutan blitt forstått som uproduktive areal som ikkje kan nyttast til noko. Med dette blikket har det vore ei god løysing å fylle ut i vatnet, slik at arealet endelig kan anvendast til samfunnsnyttige aktivitetar.
I nyere tid ser vi på våtmarksområder i nytt lys, som kantsoneområder med særeigen biodiversitet som huser spesialiserte og sjeldne arter som ikkje lever andre steder. Det florerer av insekt i og utanfor vatnet, og av fuglar som nyter et bognande matfat. Inst i fjordane har det typisk låge ei “uproduktiv” våtmark i kvar ein arm, der elva rann ut og møtte saltvatnet i flo og fjære. Desse blaute områda fungerte som gyteplassar, oppvekstområde og buffersoner – og hadde ein naturleg dynamikk som var i konstant endring gjennom året. Mange av desse har over tid blitt transformert til fast grunn og eit hardt møte med vatnet, men naturreservat som det som ligg inst i Vetlefjorden – der bestemor mi voks opp – er vitne om at det framleis finnast slike flotte våtmarker i landet vårt.
Den aukande merksemda rundt dårleg tilstand i fleire fjordar, med Oslofjorden som det tydelegaste dømet, har gjort livet under vassflata meir synleg i samfunnsdebatten. Kvifor forsvinn artar? Kvifor kollapsar bestandane? Akkurat som på land er det ikkje nødvendigvis éin orsak som gjeld, men summen av inngrep som gradvis endrar levekåra. Forureining kan gjere dette, eller tildekking av habitat, eller tilføring av framande massar.
I mindre ferskvatn har ein til dømes sett at fyllingar av sprengstein og pukk kan føre til ein rask auke i fiskeyngel. Den nye steinura gir mange gøymestader og vern mot større fisk, og vatnet opplever ein boom i fiskepopulasjonen. Fint for fiskeyngelen som slepp å bli spist, kan hende, men mattilgangen for yngel i eit ferskvatn er begrensa. Når mange individ konkurrerer om det same avgrensa matfatet, får fisken ikkje vekse seg stor. Resultatet blir eit vatn dominert av mykje småfisk – ei form for økologisk ubalanse vi kjenner att frå innsjøar som opplevde sur nedbør og fiskedød på 1970‑talet. Når den siste store fisken er fiska opp, er det kun yngel igjen, i ein slags Fluenes herre for fisk.
Utfylling i vatn er ikkje ein konsekvenslaus måte å vinne areal på. Fyllinga vil alltid endre samspelet av livsvilkår for dei som bur i vatnet, og dette krev økologisk forståing for å bli riktig tolka.
I møte med planlegging, utbyggingspress og politiske avvegingar er det viktig å gjere grundige vurderingar av om ei utfylling i vatn er riktig, eller om det kan unngås. Når utfylling først er nødvendig, blir spørsmål om massefraksjonar, struktur, djupn og overflate avgjerande for kva slags liv som får fotfeste under vatn.
Desse problemstillingane står i sentrum for NLA sin fagdag VANNVITTIG – Når land møter vann den 24. april. Eg gler meg til å dykke djupare i korleis vi kan jobbe vidare med landskap over og under vassflata.
Runa Gjerland,
styremedlem NLA