Uteanlegget ved Kolvikbakken ungdomsskole gjer ungdomane gode fasilitetar for utandørsopphald i friminutt, i undervisninga og i fritida. Utforminga med ein gjennomgåande sti, gjer aktivitetsområda lett tilgjengelege og gjer samspel mellom aktivitetssoner og sosiale soner.
Det er etablert varierte aktivitetar som ballbane, street basket, tuftepark, buldreapparat, balanseliner, bordtennis med meir. Inn mot gangtraséar og aktivitetssoner er det lagt opphaldsplassar, med benkar, sitte-trinn og kanter med meir, under tak og i friluft.
Parkering og logistikk er lagt i utkanten av anlegget, slik at dei trafikkpåverka områda vert redusert til eit minimum. Frå avstigings- og parkeringsareal leier universelt utforma ganglinjer til godt markerte inngangsparti, og vidare gjennom skulen sitt uteområde. Den tydlege ganglinja gjennom uteanlegget er òg ei viktig sambinding mellom Borgundvegen nord for skulen og Nørvegata i sør. Materialbruken er nøktern, men robust. Det er lagt vekt på at anlegget skal tole hard bruk og ha lang levetid.
Kolvikbakken ungdomskule vart gjennomført som ein samspelsentreprise med samarbeid mellom byggherre, totalentreprenør og prosjekteringsgruppe.
Kategori: Skoleanlegg, barnehager
Beliggenhet: Ålesund kommune, Møre og Romsdal
Oppdragsgiver: Totalentreprenør Åsen & Øvrelid. Byggherre: Ålesund kommunale eigedom KF
Byggeår: 2022
Prosjektperiode: 2019–2022
Areal/størrelse: Uteanlegg 4300 m2
Kostnad inkl. MVA: 296,3 mill. kr
Prosjektansvarlig: Christoffer Dalstrøm Nilsen (RIB)
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre
Ansvarlig landskapsarkitekt: Siri Anette Myklebust MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Ingvild Yri MNLA, Marta Kovacova, Siv Sundgot MNLA
Rådgivere/konsulenter: Norconsult (RIB, GEO, RIM, RIBr, R-ITB og RIByfy), Brekke og Strand (RIAku), Riksheim (RIVA), HM Elektro (RIE), Nordvest Miljø og Bravida (RIV)
Entreprenør: Åsen & Øvrelid
Anleggsgartner: Tilseth Anleggsgartnar AS
Underleverandører: Vasto Anlegg m.fl.
Arkitekt: Slyngstad Aamlid arkitekter
Annet: Foto Kristian Roald, Norconsult