Dei store fyllingsdammane Songa og Trolldalen i Vinje kommune er bygd som del av den store Tokkeutbygginga i perioden 1958–62. Begge dammane vart ombygd på byrjinga av 2000–talet, men måtte som fylgje av nye sikkerhetskrav på nytt rehabiliterast frå 2017. 

Feste Landskap • Arkitektur har arbeidd med landskapsplanane for å ivareta innpassing av dei store landskapsinngrepa i dette sårbare fjell-landskapet i begge prosjektfasene. I første ombyggingsfase (1998-2003) arbeidde vi med utviding av dei gamle steinuttaka for å skaffe plastringsstein til sikring av damside oppstraums og bygging av ny damtå for begge dammane. Vi foreslo tiltak for å skjerme inngrepa mest mogeleg, såg på korleis ein ved terrengforming kunne gje betre overgangar og samanhengar, laga plan for revegetering som virkemiddel for å dempe inngrep og sår i landskapet, både gamle sår frå den opphavelege utbygginga og dei nye som nå vart lagt til. I den siste ombygginga (2016-2020) vart nedstraums damside Songa plastra. For å få tak i den mengda av stein som skulle til, måtte det opnast eit nytt steinbrot. Vi var med i arbeidet med å finne eigna plassering og laga beskrivelse, planar og terrengmodell for korleis inngrepet skulle innpassast, korleis massene skulle takast ut og korleis landskapet skulle formast og tilbakeførast til naturlandskap att. 

Ein viktig del av prosjektarbeidet har vore samarbeidet med NMBU v/Per Anker Pedersen og Line Rosef i arbeidet med den naturlege revegeteringa. Ein prosess som dei siste 20 åra har fått meir merksemd og som nå er sjølvsagt i alle store byggeprosjekt. Statkraft og NMBU har vore leiande i å drive fram dette arbeidet. Vi i Feste har arbeidd etter desse prinsippa i store landskapsprosjekt heilt sidan vi starta som kontor. 

The 16 kilometre long Songa Lake lies in the mountainous landscape of Vinje. The lake has two dams and was at its completion in the 1960s the largest dam facility in Northern Europe. With an output of 140MW, the Songa hydroelectric power plant provides electricity to 24 000 homes. Over the last four summers, the dam on the western side of the lake has been reinforced. A seven-meter-wide section of stone has been built along the existing face of the dam in order to strengthen it. Local stone has been used, quarried only 850m away. The open quarry has been re-filled and covered with soil, moss, grass and turf. The quarry has been returned to its natural state, using the principals of natural revegetation. The topsoil and turf have been stored on site, allowing the natural seed bank to be preserved. 

The project was awarded the 2020 «Damkrona» Award for outstanding structural and landscape architectural execution.  

Prosjektfakta

Kategori: Store inngrep, massetak, kraftutbygging

Beliggenhet: Vinje kommune, Telemark

Oppdragsgiver: Statkraft Energi v/Jon Aarbakk

Byggeår: 2021

Prosjektperiode: 1998–2003 og 2016–2020

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitekt: Tone Telnes, MNLA

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Stina Lindland Østevik, MNLA

Rådgivere/konsulenter: Norconsult

Entreprenør: Skanska og TT Anlegg AS

Priser i konkurranser: Damkrona 2020. Nominert til Landskapsarkitekturprisen 2021

Annet: Foto: Statkraft

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • 1_Dam Songa_foto Statkraft
  • Feste DJI_0332
  • Feste IMG_9070
  • Feste IMG_8984
  • Feste IMG_9291
  • Feste IMG_9334
  • Feste IMG_9345
  • Feste IMG_9375
  • 2_Dam Trolldalen_foto Statkraft

Liknende prosjekter