«Seljord og sogene» er eit bygdeutviklingsprosjekt der fysisk tilrettelegging saman med kunst, kultur, opplevingar og formidling av immaterielle spor og forteljingar, skal brukast aktivt som strategisk virkemiddel i utvikling av staden Seljord.

Seljord og øvre Telemark har ein rik og levande forteljartradisjon. Den immaterielle kulturarven er ein viktig del av landskapsopplevinga i området. Ei viktig kjerne i prosjektet er forteljingane knytt til landskapet. Gjennom bruk av moderne teknologi og medveten utvelging og formgjeving av opplevingspunkt, skal prosjektet formidle Seljord sine soger: både dei gamle segnene og dei nye samtidssogene.


Foto
1. På utvalde punkt langs Seljordsvatnet skal soga om Sjøormen formidlast gjennom stadtilpassa utkikkspunkt/kunstinstallasjonar, der forteljingane kan lastast ned via mobiltelefon. Foto: David Fjågesund. 

2. Steinbrygga på Firingfjøro gjev tilgang til og utsyn over vatnet. Foto: Tone Telnes. 

3. Kartfesting av soge-landskap. Ill: Tone Telnes

Prosjektfakta

Kategori: Kulturlandskap, historiske anlegg, vern

Beliggenhet: Seljord, Vest-Telemark

Oppdragsgiver: Seljord kommune

Prosjektperiode: 2009-2011

Areal/størrelse: Seljord sentrum og Seljordsvatnet

Kostnad inkl. MVA: Kostnadsrekna til 20 millionar kr.

Prosjektansvarlig: Harriet Slaaen, plan- og næringssjef

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitet(er): Feste Grenland AS

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Feste Grenland AS

Kunstner: Springer Kulturstudio AS

Arkitekt: Rintala Eggertson Architects

Samarbeidspartnere: Kulturaktørar og næringsliv i Seljord

Idé/initiativtaker: Feste Grenland AS v/Tone Telnes MNLA og Springer Kulturstudio AS v/Gunn Marit Christenson

Finansieringskilde/sponsor: Seljord kommune, Telemark Fylkeskommune, Kommunal- og regionaldepartementet m.fl.

Annet: Eit utviklingsprosjekt for stadutvikling - kunstproduksjon - kartfesting av sogelandskap

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • seljordogsogene2009-02
  • seljordogsogene2009-03

Liknende prosjekter