Hendinga "Green Fairytales" var eit britisk-norsk samarbeid, initiert av British Council, og ein del av 'Bevegeleg byliv'. Parkhappeninga skjedde midt i gata på Ankerbrua, med Akerselva miljøpark som ramme.
I løpet av ei septemberhelg vart brua bilfri og transformert:
Studentar var aktørar i hendinga, kledd i kvite dressar og blomsterhanskar. Ferdiggras blei rulla ut, der mjuke foldar symboliserte dønningar. Straks teppet vart rulla ut, vart det teke i bruk av forbipasserande.
Etterpå vart graset ombrukt, og nytta i hagar og parkar.
Kategori: Land-art
Beliggenhet: Ankerbrua, Oslo
Byggeår: 2005
Areal/størrelse: 300m²
Kostnad inkl. MVA: NOK 250 000, samt dugnad
Landskapsarkitekt: Dronninga landskap AS
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Studenter ved Master i landskapsarkitektur, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)
Anleggsgartner: Braathen & Thorvaldsen