«Hidlaren» på Linga vann Kvam herad sin byggjeskikkspris 2021. 

Prosjektet «Hidlaren» er ei restaurering og ein transformasjon av Hidlargarden på Linga.

Foto: Lars J. Berge - «Hidlaren» på Linga LJB

Pris for restaurering og transformasjon av Hardangertun

Hardangertunet på Linga er eigd av familien Østensjø Lyng Svingen. Garden har ei lang historie som busetnad og oppføringa av det nye våningshuset har på meisterleg vis klara å foreina eit tidsmessig bygg med bygningsarv og landskap, skriv juryen i grunngjevinga. Prosjektet er teikna av arkitekt og landskapsarkitekt MNLA Lars J. Berge frå Tørvikbygd. 

Prosjektet «Hidlaren» er ei restaurering og ein transformasjon av Hidlargarden på Linga. Ifylgje juryen er dei arkitektoniske grepa, materialbruken og utføringa av høg kvalitet. Ved å lesa kontekst og spela på lag med eksisterande bygg, har moderniseringa vorte ei naturleg vidareføring av historia på staden.

Juryen skildrar inngrepet som betydeleg, men bruken av lokalt materiale, landskapet rundt og slektskap til eksisterande bygg, viskar ut skiljet mellom gamalt og nytt. Terrengtilpassinga er løyst ved å byggja seg inn i landskapet. 

- Det, i kombinasjon med naturstein og torv, let terrenget nærast sluka delar av bygningsmassen. Desse grepa er både kjenslevare og audmjuke der dei møter historia til garden og den større samanhengen dei er ein del av, las ordføraren frå grunngjevinga. For juryen står «Hidlaren» fram som eit godt samarbeid mellom oppdragsgjevar og arkitekt, der styrken ligg i at planleggingsfasen er høgt prioritert. - Kvar oppgåve er unik på sitt vis, og at om ein skal laga eit godt prosjekt, treng ein ein tredel arkitekt, ein tredel byggherre og ein tredel byggmeister. 

Det har vore viktig for Svingen og familien å bruka lokalt handverk, og han er svært nøgd med jobben som er gjord. - Dei lokale handverkarane er dei som kjenner til skikkane og dei lokale byggjemåtane.

LJB har også spesiell interesse for kulturlandskap og bygningsarv i Hardanger. Berge gler seg over prisen. «Her har me vove bygg og landskap i hop etter beste evne. Eit bygg ikkje skal vera eit objekt, men ei ramme rundt gode uterom. To av dei små trehusa er nye og to er gamle, form orientering og storleik er veldig typisk i bygda. Glas- og betongbygget er slik sett eit grep for å handtere eit større program, men som altså lagar gode skjerma uterom også», skriver han i en e-post.

Se pdf med bilder som viser utviklingen av prosjektet.

Om byggjeskikkprisen i Kvam herad

Byggjeskikkprisen er ein heiderspris for byggverk og bygde omgjevnadar som bidreg til å heva, fornya og utvikla den allmenne byggjeskikken på staden. Det vert gjort gjennom arkitektuttrykk, utføring, materialbruk, gjennomføring av utanomhusareal og utvikling av nærmiljø. Gjennom utforminga til staden og omgjevnadane, skal prisvinnaren avspegla respekt for verdiar i landskapet og stadeigne byggjetradisjonar, og evna å stå fram som eit førebilete for framtida. Juryen legg vekt på miljøomsyn, universell utforming og kvalitet i materialbruk. 

Kjelder: kvam.no og Hordaland folkeblad 11.10.2021