DOGA-seminar: Hvordan kan arkitekter/landskapsarkitekter bidra til å styrke helsetjenestene i kommunene?

12.mai kl 13:00 -12.mai kl 15:30

Furuset hageby_Adam Mork

Korleis bidreg arkitektar/landskapsarkitektar til å styrke helse- og omsorgstenestene, få ned sjukefråværet og samtidig spare kommunane for pengar? 

Kommunar over heile landet står i same situasjon: Fleire eldre, mangel på helse- og barnehagepersonell, digitale system som ikkje snakkar samen, høgt sjukefråvær og stadig strammare budsjett. Utfordringane er komplekse og omstillingsprosessane like eins. Så korleis løyser vi dei? 

På Design og arkitektur Norges seminar Slik får kommunene bedre helsetjenster – og bedre økonomi tysdag 12. mai, møter du dei tre forbildeprosjekta Furuset HagebyAidn og Matspagat – alle mottakarar av DOGA-merket – som viser at det finns nye måtar å gjere ting på. Ein sjukeheim, eit digitalt journalsystem og ein barnehage som organiserer kvardagen litt annleis, går nemleg alle i bresjen for endring.

Prosjekta du høyrer om denne dagen har bidratt til

  • lågare sjukefråvær
  • lågare medisinbruk
  • lågare driftskostnadar
  • betre arbeidsforhold for tilsette
  • meir tid til barnehagebarn og pasientar
  • mindre matsvinn
  • nye moglegheiter for integrering og arbeidstrening  

På seminaret får du vite meir om korleis folka bak prosjekta har arbeidd og kva metodar dei har brukt. Du får òg innsikt i kva som fungerer i praksis, og korleis du kan bestille og utvikle løysingar som faktisk forbetrar både tenestene og kommuneøkonomien. 

Arrangementet er gratis og strøymast, slik at du enkelt kan delta uansett kor i landet du er. Du kan òg delta fysisk her hos oss i Nedre Vollgate 4 i Oslo.

Les meir og meld deg på i denne lenka.