Oslo City, Stenersgata 1
Stenersgata 1, midt i Oslo sentrum, har fått grønne vegger og tak. Bygningskomplekset er fra slutten av 1980-tallet, og består av kjøpesenteret Oslo C ..
Styrets stemme – Norske landskapsarkitekters forening ved Runa Gjerland - som gjør seg betrakninger om å ta vare på det vi har.
Om ein har golv i huset, har ein støvsugar. Om ein har plen utanfor, har ein grasklyppar. Vedlikehald er ein naturlig del av alle menneskeskapte anlegg, men i uteanlegg blir likevel ikkje alltid vedlikehald prioritert når budsjettet fastsetjast. I ein knepen kommuneøkonomi er det langt meir sexy å bruke midlar på å etablere nye anlegg, enn å halde ved like dei som allereie finnast.
Så her kjem eit slag for vedlikehald - det kjedelege, det usexy, og det heilt nødvendige.
Når vi snakkar om beplanting i uteanlegg, snakkar vi om levande materiale. Det veks, endrar seg, døyr. Å sikre at det som lev oppfører seg slik det er tenkt over tid, det krev vedlikehald. I tillegg utsetjast uteanlegg for alle element som finnast ute - vêr, vind, vinter, sommer. Utan systematisk oppfølging risikerer vi at anlegga mistar kvaliteten sin, og intensjonane bak utforminga forsvinn. Det kan også oppstå tryggleiksproblem, med snublefare i lause steinhelle, eller fallsoner som veks att i kantane. Behovet for å setje av midlar til drift og vedlikehald trør fram.
Men, så strekk ikkje pengane til. Kva skal ein stakkars kommune eller privat utbyggar gjere? Her finnast grep å utforske om ein tittar på saken.
Hjå byggherre og den prosjekterande landskapsarkitekt må ikkje driftsperspektivet gløymast i den tidlege prosjekteringa. Utforming, materialar og beplanting bør vurderast med tanke på robustheit og vedlikehaldsbehov. Samanhengande plenar som er enkle å klyppe, steindekke som toler ein trøkk og som tyggisen ikkje festar seg i. Dette er også ein del av berekraftig planlegging. Når vi prosjekterer for lang levetid og enkel drift, bidreg vi til ressursbesparing, forvaltning av økonomi og høgare kvalitet i by- og nærmiljøa.
Med aukande framandfrykt i plantelister i det ganske land, finnast det også metodar for å redusere luking utan å transformere bedet til eit kratt. Tett samplanting med dei norske artsindivida planta om kvarandre, der ein tek høgde for at nokon av artane vil utkonkurrere kvarandre, gjer så enkelte plantar vil dominere bedet etterkvart som det utviklar seg. Likevel skjer det innanfor den gitte plantelista. Som Nina Marie Antonsen reflekterer rundt i essayet sitt i siste papirutgave av Arkitektur, spelar dette på naturens reglar og prinsippet om "den sterkaste sin rett".
Og apropos beplanting: Luking kan vere ein kjekk og sosial aktivitet. Som å vaske vinglas etter ein fest, kan luking i sommarhalvåret vere ein meditativ øving. Få med ein ven, så blir det filosofisk. Det er fult mogleg for lekmenn å luke i offentlege anlegg, og dei fleste kommunar vil bli glade for forespørselen, noko fleire pensjonistlag rundt om har nytta seg av. Det er berre å finne seg ein ven, grave fram dugnadsanda og starte eit lukelag.
Det viktigaste for å sørge for at anlegget er varig og vakkert, vil uansett vere vedlikehaldet ved etablering og i dei første åra etter. Ein vaksen lind som først har strekt ut røtene sine, klarar seg fint utan menneskeleg påverknad i dei fleste urbane, grå strøk.
Og skulle det likevel glippe, er det verste som kan skje med plantebedet at det vert tatt over av ville artar og blir sjåande ut som eit kratt. Løvetannen trenger seg opp gjennom asfalten, og mosen kryp på muren. Vi er heldige som bur i eit grøderikt land der livet trenger seg fram medan vi ser feil veg. Det er vakkert det også.
Runa Gjerland, styremedlem NLA