Thornæsparken
Thornæsparken på Møllenberg i Trondheim fikk i 2023 en etterlengtet oppgradering for å skape et bedre bomiljø i bydelen. Parken er en viktig møteplass ..
MAF og NLA Møre og Romsdal la forsommartreffet 2012 til Gurisenteret på Edøy, Smøla, 15.-16. juni.
23 var påmelde, 20 deltok på seminaret fredag 15., og ca 15 på synfaringa laurdag 16.6.
Gurisentereret, opna i 2009, er teikna av arkitektkontoret Askim/Lantto og var eit av fem norske prosjekt som blei presentert på Venezia-biennalen i 2010. Bygningen er utført i massivtre og er godt tilpassa i eit krevjande og historisk verdfullt kulturlandskap med naboskap til Edøy kyrkje frå 1190.
Anne Ki Thoresen fortalde om prosjektet, og oppdraget som kontoret hadde fått etter ein tilbodskonkurranse (den einaste slike dei hadde vunne). Vårt inntrykk er at oppdragsgjevaren har vore uvanleg heldig med val av arkitekten på bakgrunn av dette. Dei har og fått svært mykje ut av eit nokså avgrensa budsjett. I tillegg til amfiet inneheld bygget ein fast utstilling om vindkraft og ein kafé med venterom for ferjekaia. Med utsyn frå amfiet gav Per Halse, sivilagronom og utdanna sivilarkitekt, som driv gard på Edøy oss eit innblikk i historia bak kyrkja, og Gurispelet, eit årleg sogespel som går føre seg i amfiet. Det vert rekna som eit av dei aller beste av om lag 160 slike spel i landet.
Kristin Aas, Landskapsarkitetkt i Sweco, Trondheim ga innblikk i dei mange planane for vindkraft langs heile kysten der konsesjonsbehandlinga vert gjort for kvar einskild. Ho etterlyste regionale analyser /cenarier som grunnlag for behandlinga. Prosjekta som er foreslått på fjelltoppar og høgdedrag langs kysten er dei som fører til mest lokal motstand. Desse medfører og dei største terrenginngrepa i form av vegbygging i bratt terreng og i konflikt med friluftsinteressane.
Tor Moholt frå Nasjonalt Vindenergisenter fortalde om vindparken på Smøla og guida oss dagen etter på busstur. Han framheva dei positive ringverknadane vindparken har hatt for Smøla-samfunnet. Margrethe B Friis frå LPO heldt eit engasjert og godt førebudd innlegg om overordna utfordringar på klima og miljøfronten og kva for implikasjonar dette burde få, og seminaret vart avslutta med presentasjon av Stokkøya sjøsenter og Bygda 2.0 i Åfjord ved Anne Sandnes frå Pir II.
Etter semiaret vart det bussfrakt til Smøla Havstuer, Råket på Vest Smøla med Generalforsamling for MAF medlemmar og seinare middag og overnatting. Nokre nytta høve til å låne kajakk for ein padletur. Etter frokost på laurdag gjekk turen med buss til Veiholmen og inn i vindparken der vi fekk eit godt innblikk i dimensjonane.
Parken består av 68 vindmøller som gir nok kraft til å forsyne heile Møre og Romsdal fylke når det er topp produksjon. Det er den største lanbaserte vindparken i Europa, men trass i dimensjonane verkar parken veldi lite dominerande sett frå områda med busetnad.
Største konflikta i høve natur og miljø er fugl, spesielt Havørn og Smølalirype, som vert drepne i kollisjon med rotorblada. Det er ikkje registret tilbakegang i bestanden av havørn. Frå naturvern og ornitologisk hald vert det påpeika at føre var prinsippet ikkje har vore brukt. Det vert forska på konfliktane og korleis ein best mogeleg kan unngå desse ved liknande utbyggingar.
Ei anna utfordring er knytt til levetida på maskineri på ca 20 år. Ved fornying etter dette ser ein føre seg at tekniske forbetringar truleg vil medføre krav om heilt nye plasseringar og grunnlagsinvesteringar i fundament og master som kan føre med seg ytterlegare naturinngrep.
Arrangørane var litt skuffa over frammøtet, men dei som var med fekk interessante dagar med gode innspel og diskusjonar. Smøla i godver er ei flott oppleving.
Skrevet av: Magne Bergseth