Styrets stemme: samfunnsnytte og slikt

Styrets stemme i dag er ved Runa Gjerland, som gjer seg noken sommarlege refleksjonar kring dugnad, frivillighet og skjøtsel - eller samfunnsnytte om du vil.

Foto: Runa Gjerland - Gårdsbruket på Ytre Fure Gårdsbruket på Ytre Fure_Runa Gjerland

Noregsferie med tid for ettertanke

Etter fleire år med utanlandstur om sommaren fekk eg endeleg i år tatt meg ein skikkeleg Noregsferie. Gjennom juli har eg gått tørrskodd over ei myr, og på ei fillerye i ei fjellstove. Eg har besøkt ein (for meg) ny festival inne i ein lang fjordarm og snakka med dei som bur fast i bygda, som òg er stamgjester på festivalen. Eg har sett traktorar ta håslåtten i bratt terreng, og gått nymerkte stiar med raud T. Eg har fått kvilepuls og gåsehud i ullgenseren på heimlege trakter. Og eg har reflektert kring ordet samfunnsnytte.
 
Samfunnsnytte ligg i raske framkomstvegar, god dekning av helsetenester og politi, beredskap og skuleveg, og det ein kan kalle «slike ting». Men det er òg meir enn dette. Det er å halde samfunnet slik vi kjenner det, gåande. Og med det meiner eg å kunne ta ein kaffi i ei grisgrend bygd, eit badestopp langs vegen, ein fjelltur til eit nytt område. Å reise rundt og sjå at det bur folk på dei mest utilgjengelege stadene. At det er mange som kjenner på det som Side Brok skildrar i låta si Heimegut: «Eg høyrer heime ein plass.» Og at desse brukar og held i hevd landskapet, og opnar for gjester og forbifarande i sine eigne heimlege trakter.
 
klyngetunet på Indre Fure
Fra klyngetunet på Indre Fure. Foto Runa Gjerland
 
Det er folka med engasjement og ønskje om bruk, tilrettelegging og vidareføring som gjer nytte for seg i heile vårt langstrekte land. Å varsamt leggje ei tung steinhelle på rett stad på stien, slik at fleire kan bruke stien på ein god måte, er ikkje gjort i ei handvending. Likevel traskar eg stein på stein opp stadig nye fjell, og ser at folk har vore her før meg, og på dette steinbyggjarviset ønskjer meg velkomen og god tur. Dette er nyttig for samfunnet vårt, og det har stor verdi i mine auge.
 
Til alle dei som jobbar på dugnad, eller frivillig, eller kanskje for ei låg løn for å vidareføre eit kulturlandskap eller steikje vaflar i ei fjellstove, slik at eg får oppleve samfunnet og landet mitt slik eg kjenner det, på nytt og på nytt: God arbeidslyst. Og takk for ferien! 
 
 
Runa Gjerland, styremedlem i NLA

Veien i mellom
Ser du den? Veien i mellom Indre og Ytre Fure. Foto Runa Gjerland