Kviteseid i framtida er vald ut som eit av prosjekta i Framtidas bygder. Framtidas bygder arbeider med kunnskapsutvikling og formidling av informasjon om korleis mindre stader kan utviklast på ein berekraftig og klimavenleg måte, samstundes som det vert meir attraktivt å bu der.

I perioden 18.-27. juni 2014 vart det gjennomført ein workshop med unge arkitektar og kunstnarar, for å synleggjera oppstarten av prosjektet og for å få folk i Kviteseid i tale.

Ein installasjon i Bryggeparken prøva ut i 1:1 korleis ein scenefunksjon kan innpassast (bilde 1).

Ein serie på 10 kunstinstallasjonar med utgangspunkt i observasjonar, samtaler og forteljingar frå Kviteseid vart laga i gata (bilde 2).

Ei utstilling i Pakkhuset med idear og forslag til korleis Kviteseidbyen kan utviklast i tida som kjem, inviterte bygdefolk og besøkande til å ta del i debatten #KvaNo.

Tiltaka som vart gjort og innspela som kom, skal prøvast ut og samanfattast i den vidare plan­prosessen.

 

Prosjektfakta

Kategori: Arealplaner, regulering, konsekvensutredninger, stedsanalyser

Beliggenhet: Kviteseid, Telemark

Oppdragsgiver: Kviteseid kommune v/næringsjef Elisabeth Lid

Byggeår: Workshop juni 2014

Prosjektperiode: Stadutviklingsprosjekt i Framtidas bygder; 2014-2016

Areal/størrelse: Kviteseidbyen - Kviteseid sentrum

Prosjektansvarlig: Gunn Marit Christenson

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitekt: Tone Telnes MNLA

Kunstner: RAKE v/Trygve Ohren og Charlotte Rostad

Arkitekt: David Fjågesund, Tim Larsen Kvingedal, Andreas Førsund, Aleksander Oldrup Jensen

Samarbeidspartnere: Kviteseid kommune, Telemark fylkeskommune, Feste Landskap, Framtidas bygder v/ Norske arkitekters landsforening NAL, Zero, og TreFokus

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • Kviteseid2
  • Kviteseid
  • Kviteseid3
  • Kviteseid4
  • Kviteseid5
  • Kviteseid6
  • Kviteseid8

Liknende prosjekter