Vinje kommune har tinga eit skisseprosjekt som skal synleggjere mogleg utvikling av eit større område, med fleire aktørar og bruksområde. Prosjektet skal skaffe heilskapleg oversikt og gjere det mogleg å dele vidare utvikling inn i logiske delprosjekt, som ulike aktørar vil stå ansvarlege for. 

Landskapsplanen for Vinjesenteret omfattar uteareala rundt Nynorsk kultursenter i Vinje (Vinjesenteret), samfunnshuset og den tidlegare barnehagen, der kyrkjekontoret er no. Landskapsplanen tek utgangspunkt i eksisterande bygningar og parkeringsplass. Det nyleg bygde Vinjesenteret har ein tilkomst som vart til under ombygginga, også denne haldast uendra. Elles gjer ein framlegg om store endringar i uteområda. Området delast inn i eit parkdrag, ein aktivitetspark og ein naturpark. I tillegg legg ein opp til ulike siktaksar, turløyper og tilkomst til Vinjestoga, som var heimstaden til Aasmund Olavsson Vinje. 

Parkdraget ligg inntil parkeringsplassen og endar i vasskanten framom kyrkjekontoret. Her legg ein opp til ein kombinasjon av uteområde for dei tilsette ved kyrkjekontoret og samlingsstad for innbyggjarane på Vinjeflata. Området er prega av opne grasareal med større tre, prydplantar og terrengformar som skapar rom og gjev ein viss skjerming mot aktivitetsparken. Aktivitetsparken ligg tett opp til Vinjesenteret og er likevel tilgjengeleg for ålmenta. Her skal born og unge få bygd opp ein relasjon til litteratur gjennom leik og aktivitet – både dei som vitjar Vinjesenteret og dei som berre stoggar langs vegen på tur gjennom grenda. Aktivitetsparken er «hjartet» i uteområdet, og består av øyer med ulike aktivitetar. Vinjevatn trekkast inn i dette delområdet ved ei vassrenne som estetisk element. 

Naturparken består i dag av ein relativt tett skog som Sweco foreslår å tynne og opparbeide parkmessig. Her skal siktaksar skape samband mellom Vinjesenteret og omgjevnadane med Vinjevatnet og fjella ikring. Naturrelaterte aktivitetar er lagt til rette i denne parken.

 

--- 

The municipality of Vinje in the central part of southern Norway asked for a holistic plan for a complex area with multiple functionalities. Core of the area is the newly opened “Vinjesenter” – an exhibition related to Norwegian literature and journalism. The plan’s aim is to create an attractive outdoor area for both visitors of the exhibition, tourists, and inhabitants of the village. Sweco created a sketch of a landscape consisting of a park to connect different functions – and to separate the functions in an appropriate way. There is also an activity ground related mainly to the literature-theme, where design is the dominating factor. Towards the lake surrounding the ground, there is a landscape-park with shaped nature and nature-bound activities. 

Prosjektfakta

Kategori: Næringsliv, representasjonsanlegg

Beliggenhet: Vinje, Vestfold og Telemark

Oppdragsgiver: Vinje kommune

Byggeår: 2021

Prosjektperiode: 2021

Areal/størrelse: 26 daa

Prosjektansvarlig: John Kleiv

Landskapsarkitekt: Sweco Norge AS, region Telemark

Ansvarlig landskapsarkitekt: Alexander Stettin MNLA

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Tora Johanna Dommen Grøstad

Arkitekt: Hille Strandskogen arkitekter as

Annet: Foto: Sweco

Sweco Norge AS, region Telemark

  • Vinjesenteret5
  • Vinjesenteret1
  • Vinjesenteret2
  • Vinjesenteret3

Liknende prosjekter