Telemarkskanalen er ein viktig, veletablert og tradisjonsrik attraksjon i regionen. Men i konkurransen med andre reisemål slit ein med å få opp besøket. Både dei som bur i området, turistar og reiselivsoperatørar treng å få fornya kunnskap om kva kanalen og kanallandskapet har å by på av opplevingar og forteljingar.

Telemarkskanalen regionalpark arbeider med korleis kanalen kan bli betre synleg på ein måte som fører til at folk stoppar opp og på ny tek i bruk kanalen som den attraksjonen han er.

Den europeiske landskapskonvensjonen ligg til grunn for arbeidet. Han peikar på at landskapet spelar ei viktig rolle av allmenn interesse på det kulturelle, økologiske, miljømessige og sosiale planet. Landskapskonvensjonen legg særleg vekt på opplevinga folk har av ein stad eller eit landskap, – ikkje bare fysiske og visuelle omgjevnadar.

Vi har arbeidd med landskapsanalyser og konseptskisser for utvalde attraksjonspunkt i kvar av dei seks kanalkommunane. Illustrasjonane vist her er frå Dalen i Tokke kommune.

 

Prosjektfakta

Kategori: Arealplaner, regulering, konsekvensutredninger, stedsanalyser

Beliggenhet: Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden og Skien, Telemark

Oppdragsgiver: Telemarkskanalen regionalpark v/Pål Kleffelgård

Prosjektperiode: Forstudie 2014

Areal/størrelse: Utvalde område i dei seks kommunane langs Telemarkskanalen

Prosjektansvarlig: Gunn Marit Christenson

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitet(er): Tone Telnes MNLA

Samarbeidspartnere: Telemarkskanalen regionalpark, kommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden, Skien, samt utvalde lokale næringsaktørar.

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • Telemarkskanalen2
  • Telemarkskanalen3

Liknende prosjekter