Fjellstuetrappene er ein av dei største turistattraksjonane i Ålesund, og ein viktig del av turstisystemet for lokalbefolkninga. I 2012 vart det vedtatt å rehabilitere trappeløpet.

Fjellstuetrappene strekker seg med sine 418 trinn frå byparken opp til Fjellstua på Aksla. Trappeløpet vart etablert på 1880-talet, og ligg nennsomt tilpassa i landskapet. Opplevingane langs trappeløpet er varierte og spektakulære. I rehabiliteringa har det vore viktig å ivareta og forsterke den vakre forma på trappeløpet, samt ta vare på kvalitetane som allereie eksisterar.

For å understreke forma på trappeløpet er det valt ein lys betong som også gir ein fin kontrast mot fjellknausane. Gamle natursteinstrinn er ivaretatt. Ny lyssetting er integrert i dei gamle smijernsrekkverka og gir ei dus lyssetting av trappa. Byrampen er det einaste nye elementet i trappeløpet. Rampen kragar ut og understrekar det mest spektakulære punktet i trappa. Benkane er nye, og designa slik at dei kan tilpassast staden dei står på.

 

 

Prosjektfakta

Kategori: Friluftsområder, turvei, vannkant

Beliggenhet: Ålesund, Møre og Romsdal

Oppdragsgiver: Ålesund kommune v/VAP

Byggeår: 2015

Prosjektperiode: 2012-2014

Kostnad inkl. MVA: 8 mill. kr

Prosjektansvarlig: Nordplan AS

Landskapsarkitekt: Nordplan AS - avd Ålesund

Ansvarlig landskapsarkitet(er): Ingvild Yri MNLA

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Ingvild Yri MNLA

Rådgivere/konsulenter: Zenisk AS (lys), Multiconsult AS (geoteknikk)

Entreprenør: Søvik & Skåravik AS

Underleverandører: Svinø AS, Alfred Nesset AS, Langva AS

Arkitekt: Nordplan AS v/Silje Skrede

Idé/initiativtaker: Ålesund kommune

Prosjektgruppe: Nordplan: Ingvild Yri MNLA, Silje Skrede MNAL, Arve Rindal og Lars Etterdal (RIB)

Finansieringskilde/sponsor: Ålesund kommune v/VAP, Holmstiftelsen og privat næringsliv i Ålesund

Nordplan AS - avd Ålesund

  • Fjellstuetrappene1_Sponland_Foto_Marit_Brunstad
  • Fjellstuetrappene3_Sygni_Aarseth

Liknende prosjekter