Freds- og demokratimonumentet skal lokaliserast på Festplassen, eit parkområde sentralt i Førde.
Førde kommune har gjennomført parallelloppdrag for å få innspel til eit monument som peikar like mykje framover som bakover i tid, og som kan vere Førde si påkopling til demokrati, nasjonal identitet og ei takk til dei som miste livet i kampar for fred (sitat frå oppgåveskildring). Forslaget til parallelloppdrag er utført i samarbeid med kunstnar Åshild Havåg Bergseth. Monumentet har ei todelt løysing for å vise breidda i freds- og demokratiomgrepa. Ein samlande plass markerer dei generelle verdiane fred og demokrati, mens søyler er minnesmerke over spesifikke hendingar og personar. Ein heilskapleg park dannar ramme kring monumentet.
Freds- og demokratiplassen er gitt ei rund, samlande form og ein storleik som vil gjere han til eit naturleg tyngdepunkt i Festparken. Plassen er heva i nordre del og vender seg mot elva i sør. Plassen kan brukast ved seremoniar, arrangement og samlingar med mykje folk, men kan også fungere som uformell treff- og opphaldsstad i det daglege.
Som minnesmerke for å heidre krigsoffer, innsats for fred og markering av hendingar, er det foreslått ti vertikale, dekorerte søyler. Søylene er tenkt å stå i grupper, der ein kan gå rundt og mellom dei for ei romleg oppleving. Dei vertikale søylene har også visuell dialog med stammane til trea som står rundt søylegruppene. Søylene, trea, hekkar og møblering skaper saman rom for mindre grupper og enkeltpersonar som ønskjer ein stad å møtest eller finne ro. Det vert lagt til rette med benkar og høve for blomsterplanting, kransepålegging og andre seremoniar. Eit slyngande band av cortenstål nedfelt i plass-dekket knyter søylegruppene saman og leier over plassen.
English summary
The monument for peace and democracy is to be situated in the park Festplassen in the centre of Førde. The parallel assignment was hosted by Førde municipality to enlighten the monuments potential through different approaches. The proposal was developed in collaboration with artist Åshild Havåg Bergseth. The monument has two parts. A large circle-shaped place represents the overall values of peace and democracy, while ten cylinder-shaped columns represent specific incidents and persons. The circular place will be a space for public gatherings as well as an informal place to hang out. In connection to the decorated columns there will be more secluded areas for private moments, laying down flowers, etc. A unifying parc surrounds the monument.
Kategori: Byplanlegging, byutvikling, by- og tettstedsforming
Beliggenhet: Førde, Vestland (tidl. Sogn og Fjordane)
Oppdragsgiver: Førde kommune
Prosjektperiode: 2018
Areal/størrelse: 13 daa
Prosjektansvarlig: Siri Anette Myklebust MNLA, Norconsult AS, Ulsteinvik/Ålesund
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre
Ansvarlig landskapsarkitekt: Siri Anette Myklebust MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Siri Anette Myklebust MNLA, Marta Kovacova og Roy Anders Hesjedal, 3D-illustrasjonar og layout, m.m.
Rådgivere/konsulenter: Thomas Eitran Alstad, spesialrådgivar kalkyle. Norconsult AS, Trondheim
Kunstner: Åshild Havåg Bergseth