Heggedal sentrum har gjennomgått store endringardei siste åra med utbygging av leilegheiter, kontor, kafear, butikkar og fleire nye uterom. Heggedal torg og park ligg idyllisk til mot Kistefossdammen, med utsikt mot det historiske bygget Heggedal Fabrikker.
Kunst pregar prosjektet på fleiremåtar, mellom anna er teglsteinsdekket på torget ramma inn av kvadratiske betongheller med ulike motiv. Ideane til motiva er teikna av skuleborn, vidareutvikla av kunstnar Agnes Volent og viser mellom anna til den historiske fyrstikkproduksjonen og uttak av isblokker.
Det eksisterande fjellet er bevart og den karakteristiske, brunraude Røyken-granitten vart ytterlegare framheva etter at det vart reinska og spylt. Svaberget ligg midt i hjartet av torget, og kan med det understreke Heggedal si historiske utvinning av granitt. Parken vender seg mot Kistefosdammen med solvendt brygge, amfi og fleiresitjeplassar. Scena med klatrevegg i raud betong spelarvidare på fargeskalaen i gul/oransje/raudetonar og gir ytterlegare karakter til plassen. På begge sider av torget er det planta kirsebærtre i grusfelt. Vegetasjonsfelt med staudar og tre rammar inn parken og gir eit grønt og frodig preg.
---
Heggedal square and park are in an idyllic location facing the Kistefoss dam, with a view of the historic Heggedal Factory building. Art plays a central role in this project in many ways. The brick pavement in the square is framed by square concrete slabs showcasing various motifs drawn by schoolchildren with reference to the historical matchstick-production and extraction of ice blocks. The existing and identity-creating bare rock has been preserved, and this harkens back to Heggedal’s historic extraction of granite. The park faces the Kistefoss dam with a jetty, amphitheater and seating oriented towards the sun. The stage with a climbing wall in red concrete plays on the colour scale in yellow/orange/red tones and gives further character to the space.
Kategori: Parker, byrom, gater, torg
Beliggenhet: Asker, Akershus
Oppdragsgiver: Asker kommune v/Jan Richard Eriksen
Byggeår: 2022
Prosjektperiode: 2010–2022
Kostnad inkl. MVA: Total kostnad fra skisseprosjekt til ferdigstilt: 47 mill. kr
Prosjektansvarlig: Jan Richard Eriksen
Landskapsarkitekt: Asplan Viak AS, Oslo
Ansvarlig landskapsarkitekt: Ine Wegner Tollefsen, Gunvor Huseby og Ragnhild Nessa MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Terje Kalve MNLA, Long Nguyen, Jostein Thorvaldsen og Gry Ellen Ringstad MNLA
Rådgivere/konsulenter: Zenisk AS
Entreprenør: SL Stenlegging AS
Kunstner: Kristian Blystad (vannskulptur Kronos), Agnes Volent (kunstheller) og Aase Texmon Rygh (Møbius dobbel donert av Trysilhus).