32 studentar frå NABA, Politecnico di Milano og 6 studentar frå Scenekunstakademiet i Fredrikstad deltok. Dette var ein prosess der plassering, utforming og bygging var ein del av oppleving og læring.

Oppgåva var å bygge tre arkitektoniske installasjonar på utvalde punkt ved Seljordsvatnet. Installasjonane skal ha tre hovudfunksjonar: stoppestadar for turistar og vegfarande, sosiale møtestader og turmål for bygdefolk, og utkikkspunkt for dei som ser etter sjøormen! Grindekleiv utkikkspunkt (foto 1 og 3) - seks sitteboksar dannar ein ring. Ute på berget ser ein heile Seljordsvatnet. Vebekkdalen røyksauna (foto 2 og 6) ligg innimellom furutrea i ei lita bukt. Her kan ein oppleve landskapet og ta røyksauna med utsikt over vatnet. Telnesøyan fiskeplass (foto 4 og 5) ligg omgitt av vatn på tre kantar. Ein liten sitteplass er laga i ly for regnet og du kan grille fisken din på eldstaden.

Prosjektfakta

Kategori: Friluftsområder, turvei, vannkant

Beliggenhet: Seljordsvatnet

Oppdragsgiver: Seljord kommune

Byggeår: 2009

Prosjektperiode: 25.09-04.10 2009

Areal/størrelse: 3 utkikkspunkt, samla areal ca 100 m2

Kostnad inkl. MVA: 800.000 kr.

Prosjektansvarlig: Springer Kulturstudio og Feste landskapsarkitektar

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitekt: Feste landskapsarkitektar v/Tone Telnes MNLA

Arkitekt: Sami Rintala og Dagur Eggertson

Samarbeidspartnere: Seljord Kunstforening, grunneigarar, lokale snekkerkyndige seljordingar

Finansieringskilde/sponsor: KRD

Annet: Studentar frå NABA, Milano og Scenekunstakademiet i Fredrikstad

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • intothelandscape-3
  • intothelandscape-4
  • intothelandscape-5
  • intothelandscape-6
  • intothelandscape-2

Liknende prosjekter