Kjøpmannsgata på Hareid i Møre og Romsdal er historisk sett ei viktig handlegate i tettstaden.
Før oppgraderinga var gata prega av forfall, asfalt frå «vegg til vegg» og manglande differensiering mellom ulike brukargrupper. Gjennom prosjektet har gata fått eit solid løft, og står no fram som ei menneskevenleg og frodig miljøgate.
Det er fokusert på å finne funksjonelle løysingar for trafikkavvikling, parkering og mjuke trafikantar, samtidig som ein legg til rette for gode opphaldsplassar, leikefunksjonar og aktiviserande element. Det er lagt stor vekt på å gjere miljøgata universelt utforma. Alle inngongar er blitt trinnfrie, og dei naturlege leielinjene er gjennomgåande.
Langs fortaua er det plassert små sittegrupper, nokon med skulpturelle lydelement som steinxylofon, vibrasjonsstein og ressonansstein. Tre plassdanningar som ligg inntil gateløpet har fått ulikt innhald. Her er ein liten grøn park med hagestove og bålplass, ein småbarnsleikeplass og ein litt større aktivitetspark med trampoline, svingstenger, slake liner, kuler med rotasjon, trimapparat og solstolar.
In the small town Hareid in Møre og Romsdal, Kjøpmannsgata in the city center is transformed from a plain asphalt area to a street with defined space for cars, parking, pedestrians, and other functions. By establishing meeting places, play- and activity spaces along the sidewalks and in three pocket parks nearby, Kjøpmannsgata has been transformed into an attractive, universally designed and people friendly street. Open surface water management has been established, with lush, flowering rain beds.
Kategori: Parker, byrom, gater, torg
Beliggenhet: Hareid, Møre og Romsdal
Oppdragsgiver: Hareid kommune
Byggeår: 2020
Prosjektperiode: 2016–2020
Areal/størrelse: 3400 m2
Kostnad inkl. MVA: 17,5 mill. kr inkl. mva.
Prosjektansvarlig: Siri A. Myklebust MNLA
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre
Ansvarlig landskapsarkitekt: Siri A. Myklebust MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Siri A. Myklebust, Siv K. Sundgot, begge MNLA, Marta Kovacova
Rådgivere/konsulenter: Thomas Alstad, Norconsult Trondheim
Entreprenør: Nord-Berg AS
Anleggsgartner: Tilseth Anleggsgartnar AS
Underleverandører: AKB Lighting AS
Finansieringskilde/sponsor: Hareid kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune v/Tettstadprogrammet