Konseptet «LA VERE» vart kåra til vinnar då Statens vegvesen ved Nasjonale turistvegar hausten 2021 inviterte til ei avgrensa plan- og designkonkurranse for tre stoppestadar langs Riksveg 7, mellom Haugastøl og Eidfjord.
Hardangervidda, med eit areal på over 8000 km2 er det største høgfjellsplatået i Europa og Noregs største nasjonalpark. Her kunne vi ikkje tenke som i ein vanleg designprosess, og vi nærma oss i staden prosjektet ved å sjå og verdsette det unike landskapet. Vi tok eit medvitent val om å tenke heilskapen først og syne ei meir audmjuk og respektfull haldning til naturen.
Det vart ein augeopnar for oss å sjå kor lite urørd natur vi har att i Noreg, og at til og med Hardangervidda er under sterkt press, særskild i randsonene kring vidda. Vi fekk ei sterk kjensle av at vi ikkje har meir villmark å miste og at våre menneskelege avtrykk på naturen må minimerast. Som fagfolk må vi ha stor respekt for dei prosessane som har føregått i millionar og milliardar av år. Vi må forstå prosessane i det store landskapet før vi gjer våre små tilføyingar. Det nye laget vi tilfører må formgjevast slik at det løfter fram det vakre i staden og naturen sjølv. Gjennom arbeidet sto det klart for oss at og i det vesle vi skal jobbe med og tilføye er det heilt avgjerande å respektere og gje uttrykk for den naturkrisa vi har ved å tørre å «LA VERE». La naturen vere i fred, lage eit så lite inngrep og avtrykk som mogleg. «LA VERE» gjennom å tilføre så lite som mogleg og løfte fram og stole på at naturen og landskapet er meir enn sterkt nok i seg sjølv. «LA VERE» gjennom å ikkje gå utanfor det fotavtrykk som allereie er der. Dette vil vere eit sterkt og kraftfullt standpunkt som vil peike framover og syne kor viktig det er å ikkje bygge ned meir natur.
---
“LA VERE” has a deep understanding and respect for the specific landscape of the Hardangervidda plateau, which is Norway’s largest national park and the largest untouched natural area in Norway. Wild nature is under great pressure, and it should be set has highest priority for preservation. These sensitive areas have a unique value in terms of flora and fauna, being extremely important the protection of these natural ecosystems. The background for the concept “LA VERE” is an idea for a wider understanding of the natural and cultural identity in Hardangervidda, a more sustainable and humble approach to nature, emphasize the natural qualities of the landscape and explore the character and identity of the three different sites with a clear and simple form language.
Kategori: Samferdselsanlegg, veg, rasteplasser, kollektivterminaler
Beliggenhet: Haugastøl – Eidfjord, Vestland
Oppdragsgiver: Statens Vegvesen v/Silje Myhre Amundsen
Prosjektperiode: 2021–2023
Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS
Ansvarlig landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim landskapsarkitekter
Rådgivere/konsulenter: Knut Jorde (geologi), Stefanie Reinhardt (økologi), Gro Lauvland (arkitekturteori/stedstenking), Kamil Benon Rød (modell)
Priser i konkurranser: Vinner av avgrensa plan- og designkonkurranse, utlyst av Statens Vegvesen