Norconsult har gjennomført konsept- og skisse-fase for Parken i Hareid sentrum. Utbygginga av parken er sett på som eit ledd i tettstadutviklinga og er eit tiltak for å gi innbyggjarane ein aktiv møtestad og fremje bulyst i kommunen.
Utforminga av parken er inspirert av segna om lindormen i den lokale fjellformasjonen Masdalskloven, og er resultat av samarbeid med kunstar, og medverknadsprosess i Plansmie.
Hovudgrepet i parken er å utnytte det eksisterande, skålforma landskapet og understreke det med ein slyngande, universelt utforma lindorm-sti som leier gjennom parken. Som del av stien skal ein klatreskulptur vere eit spennande blikkfang. Inn til stien er det lagt soner med møblering og ulike aktivitetar. Her skal finnast noko for småbarn, skuleungar, ungdom, vaksne og eldre, uansett interesser og funksjonsnivå. Sentralt i parken vender eit amfi seg mot ein paviljong som kan gi tak over hovudet, og som kan brukast ved arrangement. Paviljongen har lys- og lydanlegg for musikkavspeling frå eigen mobil og opplegg for riggar ved større konsertar. Skøyteløping er tradisjon på Hareid, og plassen rundt bygget kan isleggast vinterstid.
Aktivitetstilbodet i parken er innhaldsrikt og variert. Her finst område for sandleik med stor gravemaskin, ulike former for klatring og balanseleik, skate-element, seks trampoliner, husker, karusellar, vassleikområde med pumper og demningar, parkour-apparat, trimapparat, bordtennisbord, sjakkbord, lange terrengsklier, akebakke, hengekøyer m.m. Det er lagt vekt på at det skal vere tilkomst for rullestol til flest mogeleg av apparata, og eit utval av trimapparata. Val av apparat, plassering av sonene og utforminga av oppholdsplassane skal fremje sosial kontakt i tillegg til aktivitet.
The park is in the centre of the small city Hareid. The realization of the park is seen as a part of the urban development and as an approach to giving the inhabitants an active meeting place and for promoting the municipality as a place to settle. The concept of the park utilizes the existing bowl-shaped landscape and emphasizes it with a meandering, universally designed path that leads through the park. As part of the trail, a climbing sculpture should be an exciting eye-catcher. Zones with furniture and various activities are added to the trail. In the middle of the park, an amphitheater faces a pavilion that can provide shelter on rainy days as well as a stage for events. Ice skating is a traditional activity in the area, and the space around the building can be icebound in winter.
Kategori: Byplanlegging, byutvikling, by- og tettstedsforming
Beliggenhet: Hareid, Møre og Romsdal
Oppdragsgiver: Hareid kommune
Prosjektperiode: 2016–2019
Areal/størrelse: 9,5 daa
Prosjektansvarlig: Siri Anette Myklebust MNLA, Norconsult AS Ulsteinvik/Ålesund
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre
Ansvarlig landskapsarkitekt: Siri Anette Myklebust MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Siri Anette Myklebust, Ingvild Yri, begge MNLA. Ida Kristine Andresen Haug, 3D-illustrasjonar. Jón Árni Bjarnason, 3D-modell
Rådgivere/konsulenter: Thomas Eitran Alstad, spesialrådgivar kalkyle. Norconsult AS, Trondheim
Arkitekt: Sporstøl arkitekter AS (utforming av paviljong)