Hundsvær og Tyskholmen er eit statleg sikra friluftsområde i Borgundfjorden, med kort avstand til Ålesund sentrum og Langevåg.
Den overordna planen som er utarbeidd for Sunnmøre friluftsråd skal synleggjere tiltak som kan legge til rette for eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsliv.
Hovedadkomst er brygga aust på Hundsvær, der det og er plass for flytebrygger for båtar, kajakkpadling og bading. Gapahukar langs bergnabbane skaper inviterande plassar i le, bålplassar, møteplassar, scene og toalett. Området er universelt tilgjengeleg, og det er rom for små og store grupper, barnefamiliar og eldre som kan oppleve både friluftsliv og konsertar. Større delar av holmane vil bli tilgjengelege ved å legge til rette for ferdsel og gode stiar på og mellom holmane. Ei hengebru knyter saman Hundsvær og Tyskholmen. Den karakteristiske Karuserdammen frå 1955 er ein attraksjon i seg sjølv. Med betre tilkomst er målet å legge til rette slik at ein får eit yrande badeliv på Tyskholmen.
The islands Hundsvær and Tyskholmen are located close to the city center of Ålesund. On behalf of Sunnmøre friluftsråd, Norconsult has prepared an overall plan to introduce measures that can facilitate an attractive and accessible outdoor experience.
The place offers floating piers for small boats, kayaks, and bathing, as well as shelters with campfires, scene and toilett. Shielded from the wind, these are perfect meeting points.
Good accessibility makes it possible for big and small groups of every age to enjoy the outdoors together.
Kategori: Havn, sjøfront, kaianlegg
Beliggenhet: Ålesund, Møre og Romsdal
Oppdragsgiver: Sunnmøre friluftsråd
Prosjektperiode: 2020
Areal/størrelse: 119 daa
Prosjektansvarlig: Ingvild Yri MNLA
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre
Ansvarlig landskapsarkitekt: Ingvild Yri MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Ingvild Yri og Siv K. Sundgot, begge MNLA, Marta Kovacova, landskapsarkitekt
Rådgivere/konsulenter: Norconsult AS, Ålesund