I Nydalen i Oslo er eittidlegare parkeringsareal på tak forvandla til ein aktivitets- og rekreasjonspark for alle.
I tråd med Norwegian Property sitt ønskje om å bidra til lågare ressursbruk, vart ombruk og reduserte klimagassutslepp tidleg sentralt i prosjektet. AsplanViak utarbeidde ei skisse for taket med såkalla fleksibelt design, som inneber at romma kunne gjerast større eller mindre og fyllast med ulikt innhald, alt etter kva brukte materialar som var tilgjengelege.
Det meste i anlegget er ombruktematerialar henta frå prosjekt i og rundt Oslo. Skiferheller og Oslokantstein er donert av Statsbygg frå Regjeringskvartalet, Bymiljøetaten har gitt benkarfrå Rudolf Nilsens plass, settelag og fuger er ombrukt strøgrus. Takjorda inneheld teglstein som effektivt bind CO2, og er planta med tørrengplanter. Våren 2023 skal det supplerast med meir ombruksskifer frå Regjeringskvartalet slik at parken ferdigstillast. Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo har gitt betongskulpturarfrå ei studentutstilling som får pryde parken på eitopphøgdsoldekke. Kunstnarane Jonatan Chedeville og Rasmus Lyche Iversen har utsmykka teknisk rom og luftekanal til imaginært drivhus og høghus. Dei har brukt ei prisvinnande og miljøvenleg maling som effektivt bind CO2, og som vert brukt for første gong i Norge.
Gjennom bevisste val av løysingar, materialar og vegetasjon, viser LCA-utrekningar at prosjektet har over 60 % reduksjon av klimagassutslepp i eit 60 års perspektiv, samanlikna med eit standard anlegg. Dette betyr at prosjektet har spart samfunnet for 100 000 kg CO2 ekvivalentar, som tilsvarar 540 flyreiser tur-retur Oslo-Trondheim for ein person, eller utbygging av 270 m² kontorbygg. Eit tett samarbeid mellom landskapsarkitekt, byggherre og entreprenør har voreavgjerande for omfanget av ombruk og reduserte klimagassutslepp.
---
In Nydalen in Oslo, a former parking area has been transformed into an activity and recreation park for all ages. Reusing materials and reducing greenhouse gas emissions have been central themes of the project. Most of the facility is comprised of re-used materials taken from projects in and around Oslo. The Oslo School of Architecture and Design has provided concrete sculptures from a student exhibition that will adorn a raised sundeck in the park. Through a conscious choice of solutions, materials, and vegetation, the LCA (Life Cycle Assessment) shows a 60% reduction in greenhouse gas emissions over a 60-year perspective, compared to a standard project. This means that the project has avoided emitting 100 000 kg of CO2-equivalents, approximately the same amount as a passenger flying on 540 return trips between Oslo and Trondheim or producing and constructing a 270m² office building.
Kategori: Hager, gårdsrom, uteanlegg på tak
Beliggenhet: Nydalen, Oslo
Oppdragsgiver: Norwegian Property v/Sindre Kornrud
Byggeår: 2022
Prosjektperiode: 2021–2022
Areal/størrelse: Ca. 1130 m2
Kostnad inkl. MVA: Ca. 5 mill. kr
Prosjektansvarlig: Magnus Greni
Landskapsarkitekt: Asplan Viak AS, Oslo
Ansvarlig landskapsarkitekt: Ragnhild Nessa MNLA
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Ragnhild Nessa MNLA
Entreprenør: Agaia AS
Anleggsgartner: Agaia AS
Kunstner: Jonatan Chedeville og Rasmus Lyche Iversen
Idé/initiativtaker: Norwegian Property v/Fredrik Staubo