Då tunellen på E134 gjennom Mælefjell vart bestemt, vart det også sett av pengar i potten til å arbeide med ein opplevingsveg tilrettelagt spesielt for sykkelturistar.

Men dette er samtidig eit prosjekt for utvikling og samhandling i bygdene Hjartdal, Svartdal og Flatdal. Her er kulturlandskapet med vakre blomsterenger og sogene knytt til landskapet viktige opplevingskvalitetar.  

MEDVERKNAD OG LOKALSAMFUNN
Ein har tatt på alvor innspel frå lokalsamfunna og bygdelaga og satsa på tiltak spela inn for å synleggjera kvalitetar og opplevingar. Tilrettelegging der ein inviterar folk til å stoppe opp, som tek i bruk og transformerar gamle bygg og hentar fram sogene og synleggjer kulturlandskapet. Prosjektet er eit stor samarbeids- og medverknadsprosjekt der ein har utvikla sykkelruter, sykkelstopp, kunst og formidlingsmateriale. Prosjektet er forma utifrå innsatsen til folka som bur her og det vi får til når kommunar, vegvesen, fylkeskommune, lag og foreningar, næringsdrivande og eldsjeler går saman og greier å dra i samme retning. Det er lagt ned stor dugnadsinnsats i arbeidsgruppene som har arbeidd i prosjektet.

KUNST OG LANDSKAP
Området står i ei nasjonal kunsthistorisk line som prosjektet har ynskt å vidareføre og utforske. Samspelet mellom kunst og stadutvikling er også sentralt. Prosjektet har invitert samtidskunstnarar til å la både landskapet og den immaterielle kulturarven, som forteljingane er del av, materialisere seg i kunst i uterom, i installasjonar og skulpturelle uttrykk.  

STOPPESTADAR OG ARKITEKTUR
Det bygde er ein kombinasjon mellom gjenbruk av gamle bygningar i kulturlandskapet og ny arkitektur og kunst lagt til for å synleggjera og formidle landskapskvalitetar. Vi har arbeidd med forteljingane om lokalsamfunna og folka. Tradisjonar knytt til stad og landskap vert spegla gjennom møteplassane som er tilrettelagt i dei ulike bygdelaga.

----
When it was decided to build the Mælefjell Tunnel money was set aside to establish the Land Lore Lane project, a tourist route aimed especially at cyclists. The Land Lore Lane project also seeks to enhance development and cooperation in the Hjartdal, Svartdal and Flatdal communities. The cultural landscape is here closely connected with local folklore and beautiful meadows, allowing for a unique experience for tourists. Land Lore Lane is a large-scale cooperative project containing cycle routes, stopping points, art, architecture and information material. The local area is designated as one of the most valuable cultural landscapes in Norway, a status the project aims to explore and further develop. The interaction between art, architecture and area development has therefore been key. The built elements are a combination of repurposed old structures in the cultural landscape and the addition of new art and architecture to highlight and impart the qualities of the surrounding landscape.

Prosjektfakta

Kategori: Kulturlandskap, historiske anlegg, vern

Beliggenhet: Seljord og Hjartdal, Telemark

Oppdragsgiver: Seljord kommune v/Asbjørn Storrusten, Hjartdal kommune v/Stefan Langfors

Byggeår: 2022

Prosjektperiode: 2016–2022

Areal/størrelse: Tre bygdelag (Hjartdal, Svartdal, Flatdal) og ein vegstrekning på ca. 3 mil

Kostnad inkl. MVA: Byggeprosjekt og aktivitetar for ca. 50 mill. kr

Prosjektansvarlig: Asbjørn Storrusten, Seljord kommune, innleigd prosjektleiar Monica Sølyst, Faun Naturforvaltning

Landskapsarkitekt: Feste Sør AS, Porsgrunn

Ansvarlig landskapsarkitekt: Tone Telnes MNLA

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Tone Telnes, Stina Lindland Østevik, Jenny Fischer, alle MNLA

Rådgivere/konsulenter: Naturfagleg rådgjeving: Faun Naturforvaltning, Utredning ras og skred: Skred AS, RIB: AL Høyer AS v/ Jørn Lindgren, Veging: Via Nova Kristiansand v/Arild Lie, konsept formidling og skilting + grafisk design/profil: M8Design

Entreprenør: Skorve Entreprenør, Vidar Sudgarden, JF Maskinentreprenør

Anleggsgartner: Anleggsgartnermester Steinar Fossan

Underleverandører: Snekkarar: Skorve Bygg, Telebygg, Håkon Fjågesund, Eivind Aase. Skiltproduksjon: Tore Haugen, Profil Grafisk

Kunstner: Ånond Versto, Philipp Dommen, Hans Martin Øien, Jadwiga Podovska, Ellen Henriette Suhrke, Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Barbro Raen Thomassen

Arkitekt: David Fjågesund, Margrethe Lund, Sigurd Aanby

Samarbeidspartnere: Statens vegvesen, Vestfold Telemark fylkeskommune, kulturlandskapssenteret, kunstfaglege rådgjevarar Grethe Hald og Torhild Grøstad

Idé/initiativtaker: Lokalsamfunna i Flatdal, Svartdal og Hjartdal i samarbeid med kommunane, næringsdrivande i området og Feste Landskap Arkitektur

Prosjektgruppe: Styringsgruppe Asbjørn Storrusten, Stefan Langfors, Lars-Gunvald Hauan og Eivind Gurholt (SVV), Mona Rasmussen og Per Johannes Otherdal Møller (VTfk) Finansieringskjelde/sponsor: Tunnelprosjektet Århus–Gvammen E134 (SVV) med støtte frå KORO, spelemidlar,

Priser i konkurranser: Hedrende omtale, Landskapsarkitekturprisen 2022

Annet: Tone Telnes sin rolle i prosjektet har i tillegg til å vera ansvarleg landskapsarkitekt også innehalde prosjektutvikling og prosjektleiing, i samarbeid med prosjektleiar Monica Sølyst. Alle foto: Dag Jenssen. .

Feste Sør AS, Porsgrunn

  • Foto 6
  • Foto 4
  • Foto 5
  • Foto 10
  • Foto 16
  • Foto 13
  • Foto 15
  • 20210605-sogevegen-0011
  • 20210605-sogevegen-0251
  • Foto-02
  • Foto-03
  • Foto-09
  • Foto-11

Liknende prosjekter