Etter oppgradering er Tussaparken blitt ein aktivitetspark med attraksjonar som fenger i alle aldersgrupper og på alle funksjonsnivå.
Eksisterande park i Ørsta sentrum hadde kvalitetar som skjermande vollar og vasspegel med dyser, men var prega av store, opne asfaltflater utan soneinndeling eller aktiviserande element. Etter fleire runder brukarmedvirkning i tidleg fase med ressursgruppe, ulike råd og foreningar, skular med meir, er det teikna ut alternative konsept- og skisseforslag for å finne den beste løysinga for området.
Parken har fått eit vidt spekter av utstyr for leik og trim. Her finst stor Geoball, klatre- og balanseapparat, fire trampoliner, svingstenger, slake liner, balansekuler med vipp og rotasjon, rullestoltilgjengeleg karusell blant anna. På vassleikområdet er det to vasspumper, renner av treverk med luker og sluser, skovlhjul og demningselement i kanalar. Grusdekke i vassleikområdet gir ungane flyttbart materiale å leike med. Øvste del av vassleikområdet er rullestoltilgjengeleg og har opphøgde renner. I parken finst det òg eit større apparat for trening med kroppsvekt (parkour) og ulike trimapparat, der eit utval er tilpassa eldre og rullestolbrukarar.
Parken har tradisjonelle bord og benkar, amfi, paviljong og grill samt ein større plassbygd parksofa med sitte- og liggefunksjon. Fargebruken på utstyr og dekke er henta frå Ørsta kommune sin formingsrettleiar. Utforming av detaljelement i gummidekke og asfaltmaling hentar inspirasjon frå kommunevåpenet. Det er òg tilført frodige staudeplantingar, skjermande hekkar og lundar av nye tre.
Eit lokalt firma som leverer fornybar kraft, medverka til finansiering av parken og etablering av element som synleggjer fornybare energikjelder; paviljong med solceller, plassering av historisk skovlhjul frå vasskraftverk og vertikal vindturbin. Via QR-kodar på informasjonsskilt kan folk få informasjon om elementa og sjå kor mykje energi parken produserer.
--
The assignment was to upgrade a park in the center of Ørsta into an activity park that attracts people of all ages and functional levels. In the early phases, user participation was carried out and various concepts were considered. The park now has a wide range of equipment for play and exercise, including a large climbing apparatus, trampolines, swing bars, slack lines and balls for balancing, a wheelchair-accessible carousel etc. The water play area has gravel, water pumps, flooders with bucket wheel, sluices, and other water elements. There is also apparatus for parkour and various exercise equipment, a selection of which is suitable for the elderly and for wheelchair users. A local supplier of renewable power contributed to the financing of the park. Renewable energy sources are displayed in form of a pavilion with solar cells, a historic paddle wheel and a vertical wind turbine.
Kategori: Parker, byrom, gater, torg
Beliggenhet: Ørsta, Møre og Romsdal fylkeskommune
Oppdragsgiver: Ørsta kommune
Byggeår: 2022
Prosjektperiode: 2016–2022
Areal/størrelse: Ca. 8000 m2
Kostnad inkl. MVA: Ca. 10,25 mill. kr
Prosjektansvarlig: Siri A. Myklebust MNLA
Landskapsarkitekt: Norconsult Norge AS, Sunnmøre,Norconsult Norge AS, Sogndal
Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Siri A. Myklebust MNLA, Marta Kovacova, Norconsult
Rådgivere/konsulenter: BL, RIB og SØK: Stian Brune, Norconsult. Beskrivelse og kalkyle: Thomas Eitran Alstad. RIVA: Tormod Lausund Relling, Norconsult. RIE: Einar Rensvik, Norconsult
Entreprenør: Nord-Berg AS
Anleggsgartner: Tilseth Anleggsgartnar
Underleverandører: Tussa installasjon
Arkitekt: Idunn Eide Sanden, Norconsult
Prosjektgruppe: Norconsult
Finansieringskilde/sponsor: Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Tussa AS og Kulturdepartementet gjennom ordninga «Nyskapende aktivitetsanlegg»
Annet: Fotograf: Kristian Roald, Siri A. Myklebust, Norconsult