Torget i Tønsberg har fått ein ny og stemningsskapande attraksjon. I forlenginga av den store trappa som avsluttar torget mot Øvre Langgate, er det laga eit trappeløp med rennande vatn.

Hovudforma på vassarrangementet tek opp linjene frå den store sitjetrappa ved sidan av. Det har vore viktig å skape liv i vatnet, og trappa har fleire små vassfall over granittkantar med bølgjande mønster. Vasstrappa er bygd i betong med detaljar og sitjekantar i mørk granitt. Utfordrande grunntilhøve og små marginar for setningar gjorde at fundamentet måtte pælast. Rundt bassenget er det låge sitjekantar slik at små og store hender og føter kan plaske i vatnet. Arkitektgruppen Cubus har prosjektert Tønsberg Torg.

Prosjektfakta

Kategori: Parker, byrom, gater, torg

Beliggenhet: Tønsberg

Oppdragsgiver: Tønsberg Utvikling KF

Byggeår: 2012-2013

Landskapsarkitekt: Asplan Viak AS, Tønsberg

Prosjekterende landskapsarkitekt(er): Margit Opsahl, Ragnheidur Karadottir, Inger Synnøve Kolsrud, alle MNLA

Rådgivere/konsulenter: Asplan Viak AS v/Tore Pettersen (RIB) og Arne Nymoen (VA)

Entreprenør: Carl C. Fon, Dag Arne Nilsen, Skagerak Elektro

Anleggsgartner: Strandman AS

Samarbeidspartnere: Fontene Teknikk AS v/Tommy Holth

Asplan Viak AS, Tønsberg

  • Tønsberg torg 2_foto Birgitte Adal
  • Tønsberg torg 2_foto Birgitte Adal

Liknende prosjekter